Søk påbyggingskurs

pedrogunnarTil hausten startar me opp eit nytt påbyggingkurs i skapande skriving. Dette er eit tilbod for deg som har eitt år med kreativ skriveutdanning på høgskule-/universitetsnivå, eller som har fått ei bok utgjeve. Pedro Carmona-Alvarez leiar kurset, og har med seg sin faste kompanjong, Gunnar Wærness. Begge høgt akta forfattarar og litteraturarbeidarar. Kurset går over hausten 2015 og våren 2016, og er eit høve til å få grundig oppfølgjing på eit lengre manuskript. Kurset har seks plassar. Søknad må vere poststempla seinast 15. mai. Les meir om kurset og om korleis du søkjer her.