Ledig stilling

Frå 15. juni 2015 blir det ledig stilling som kontorfullmektig (vikariat) for ein periode på eitt år. Vi søkjer ein dyktig og arbeidsam person med utprega ordenssans. Gjerne med røynsle frå administrasjon/kontor ved høgskule/universitet eller litteraturfeltet. Den som blir tilsett må kunna nytta nynorsk godt. Evne til samarbeid og kommunikasjon med lærarstab, leiar og studentar er viktig, saman med evna til å arbeide sjølvstendig og disiplinert.

Arbeidsoppgåvene vil vere faste daglege gjeremål som henting og handsaming av post, registrering og arkivering av brev og faktura, klargjering av løn og bilag for ekstern rekneskapsførar, kasserekneskap og diverse kunde-og ordreoppfølging, samt samarbeid med dagleg leiar, praktisk assistanse til undervising både når det gjeld årsstudiet, påbyggingskurset og kortare kurs. Stillinga inneber oppgåver innan IT, som oppdatering og utvikling av nettsider, informasjon og formidling, samt systematisering og drift av bibliotek.

Stillinga er ei deltidsstilling på 80% ut 2015 og 60% i vårsemesteret 2016. Løn etter avtale.

Søknadsfrist: 1.mai 2015.

Kortfatta skriftleg søknad med cv og referansar sendast til:

Skrivekunstakademiet i Hordaland, Georgernes Verft 12, 5011 Bergen

For nærare opplysning, kontakt akademileiar Rolf Enger tlf. 97 11 50 22, rolf@skrivekunst.no eller kontorfullmektig Kjersti Rorgemoen, tlf. 41 17 48 80, post@skrivekunst.no