Temakveld med Cathrine Knudsen

knudsenFredag 30. januar kjem Cathrine Knudsen til Skrivekunstakademiet for å snakke om si seinaste bok, Manuell. Romanen kom i haust og fekk strålande meldingar. Knudsen har sjølv vore student ved akademiet, og gjestar årsstudium i høve romankurs. Kvelden er ope for alle og tek til kl. 19 i Skrivekunstakademiet sine lokale, USF Verftet. Velkomen!