Søk responskurs

Helga 15. og 16. november blir det nytt responskurs med Tormod Haugland. Han er forfattar, medlem av det litterære råd og ein erfaren skrivelærar. Kurset består av to intensive dagar med grundig nærlesing. Det gjev innblikk i korleis tekstverkstad fungerer ved akademiet, og fleire av dei som har gått på responskurs har seinare kome inn på Årsstudium i skapande skriving. Søknadsfrist måndag 27. oktober. Meir om kurset og korleis du søkjer her!