Temakveld med Tone Hødnebø

tonehTone Hødnebø er aktuell i haust med gjendiktinga Glass, ironi og Gud av den amerikanske diktaren Anne Carson. Hødnebø vitjar Skrivekunstakademiet som gjestelærar i lyrikk, og har vore fleirårig engasjert hos oss som gjestelærar i omsetjing. Årets bok introduserer eit originalt forfattarskap til norske lesarar, og i følgje forlaget «framstår Carsons diktning som både lærd og tilgjengelig med sine ualminnelige kombinasjoner av intime bekjennelser og kjølig analyse ispedd vidd, ironi og humor.» All grunn til å dukke opp fredag 26. september på Skrivekunstakademiet, USF Verftet, kl. 19! Ope for alle og gratis inngang.