Temakveld med Jan Roar Leikvoll

leikvollOm eige forfattarskap, romanarbeid, inspirasjonskjelder og skriveteknikkar. Samtale med publikum.

Jan Roar Leikvoll (f.1974, busett i Bergen) har hausta lovord og fått fleire prisar for dei fire romanane sine: Eit vintereventyr, Fiolinane, Bovara og Songfuglen, som alle har handling lagt til fiktive/fantastiske univers. Han har tidlegare vore student ved Skrivekunstakademiet. Gratis inngang, ope for alle! Onsdag 7/5 kl. 19, på Skrivekunstakademiet, USF Verftet.