Søk påbyggingskurs!

Til hausten startar eit nytt påbyggingskurs i skapande skriving. Det vil strekkje seg over både haust- og vårsemesteret. Tilbodet gjeld for deg som har minst eitt år skriveskuleutdanning på høgskulenivå, eller som har gjeve ut minst ei bok. Dette er eit høve for å få oppfølgjande, grundige lesingar av eit manuskript. Kurset består av samlingar med førebudde felleslesingar, og av individuelle rettleiingar. Pedro Carmona-Alvarez leiar kurset, saman med andre sterkt lese- og skriveføre mentorar. Søknadsfrist 15. mai. Meir om kurset og korleis du søkjer her.