Cecilie Løveid ny skrivelærar

Cecilie LøveidForfattar Cecilie Løveid blir ny skrivelærar ved Skrivekunstakademiet! Ho tek over etter Øyvind Rimbereid. Løveid var med i oppstarten av akademiet, og har sidan vore innom som gjestelærar.

Det var ni søkjarar på stillinga som skrivelærar. Det er gledeleg at så mange viser interesse og omtanke for akademiet. Vi har hatt ein ryddig og god tilsetjingsprosess, seier akademileiar Øyunn Viken.

Cecilie Løveid gler seg til å ta fatt på arbeidet, og akademiet gler seg til hausten!