Ledig stilling

For ein periode på to år, vert det frå 1. august 2013 ledig ei 25% stilling som skrivelærar. Vi søkjer ein skjønnlitterær forfattar, gjerne med litteraturteoretisk utdanning og røynsle frå skriveundervisning. Stillinga er ei deltidsstilling på 25%, og vil høve godt i kombinasjon med eigen skjønnlitterær praksis. Undervisninga vil vere delt inn i fleire kortare periodar, der tekstverkstad med lesing og respons, og meir teoretisk undervisning vil inngå. Stillinga inkluderer også eit fast tal møtedagar, og det vil såleis vere ein føremon med bustad i Bergen. Stillinga vert løna som høgskulelektor. Kvinner vert oppmoda til å søkje.

For nærare opplysing, kontakt akademileiar Øyunn Viken, tlf. 41 20 68 57

Søknadsfrist 1. juni 2013, via e-post til oyunn@skrivekunst.no eller til Skrivekunstakademiet i Hordaland, Georgernes Verft 12, 5011 Bergen

Skrivekunstakademiet i Hordaland er ein sjølvstendig institusjon som driv utdanning innan skapande skriving. Hordaland Fylkeskommune finansierer institusjonen. Det er seks fast tilsette, i tillegg til ei rad gjestelærarar. Årsstudium i skapande skriving har årleg 100-140 søkjarar til 12 plassar, og mange av våre studentar har debutert som forfattarar.