Designkonkurranse

Årets studentar jobbar for tida med antologien sin, og arrangerer i samband med dette ein designkonkurranse. Boka skal heite Råk, og studentane ynskjer seg eit omslagsdesign som tolkar denne tittelen. Vinnaren får 1000 kroner, heider, ære og ikkje minst høve for å prege ei bok som blir trykt i eit større opplag og distribuert over heile landet. Send bidrag til skrivekunstakademiet2013@gmail.com før 20. mars!