Temakveld med Tor Eystein Øverås

Tor Eystein Øverås er ein lesande og reisande forfattar. Han har hausta begeistring for sine essayistiske bøker, seinast i fjor for artikkelsamlinga I dette landskap. For virket som bokmeldar blei Øverås kåra til årets kritikar i 2009. Tysdag 5. februar kl. 19 kjem han til Skrivekunstakademiet og snakkar om sin skrivepraksis og om essayformen. Fri entré og ope for alle!