Rolf Sagen på Opera

Grunnleggar og mangeårig leiar av Skrivekunstakademiet, Rolf Sagen, blir onsdag 14. november kl. 20 hylla av utvalde fans: Ragnar Hovland, Erlend O. Nødtvedt, Øystein Vidnes, Øyvind Ådland, Henning Bergsvåg med fleire. Sagens forfattarskap strekkjer seg tilbake til 1968, då han vann Vesaas debutantpris for Dørklinker. Romanen Springfart ved fjorden blei nyleg nominert som Noregs morosamaste bok. Etter hyllinga fortset kvelden med DJs. Arrangementet er eit samarbeid mellom Poesidigg, Forfattersentrum, Det Norske Samlaget og Skrivekunstakademiet. På biletet kan Sagen og initiativtakar Bergsvåg skimtast blandt årsstudiumskullet 97/98.