Stilling ledig

For ein periode på 2 år vert det frå 15. august 2012 ledig ei stilling som undervisningsleiar ved årsstudiet. Vi søkjer etter ein skjønnlitterær forfattar, gjerne med litteraturteoretisk utdanning og med røynsle frå skriveundervisning. Stillinga er ei deltidsstilling på 40%, og vil høve godt i kombinasjon med eigen skjønnlitterær praksis.

Undervisninga vil vere delt inn i fleire kortare periodar, der tekstverkstad med lesing og respons og meir teoretisk undervisning vil inngå. Stillinga inkluderer ansvar for planlegging av undervisninga i samarbeid med akademileiar og stab. Det vil såleis vere naudsynt med bustad i Bergensområdet. Stillinga vert løna som høgskulelektor. Kvinner vert oppmoda til å søkje.

For nærare opplysning, kontakt Kjersti Rorgemoen: tlf. 55 23 04 50/ 411 74 880.

Søknadsfrist: 21.mai 2012.

Send søknad og CV til post@skrivekunst.no eller i posten til:

Skrivekunstakademiet i Hordaland, Georgernes Verft 12, 5011 Bergen