Temakveld om norsk poesi

Me ynskjer velkomen til temakveld med to generasjonar norske poetar: Jo Eggen og Henning H. Bergsvåg. Fyrstnemnde debuterte i 1980, den siste boka hans kom i 2010: Stavkirkedikt. Bergsvågs forfattarskap tok til i 2000, sist ut kom Over elven Tweed i 2010. Dei to vil bli intervjua av Øyvind Rimbereid. Dette skjer på Skrivekunstakademiet, Verftet kl 19:00 tysdag 24. april. Gratis inngang og ope for alle!