Skrivekurs i Odda

I samband med Litteratursymposiet i Odda, held me eit intensivt skrivekurs med Rolf Enger laurdag 16. oktober. Du søkjer ved å sende inntil seks sider sjølvskriven skjønnlitterær tekst, samt kontaktinformasjon (postadresse, telefon) via e-post til post@skrivekunst.no innan 26. september. Kursavgift: 1500,-

Kurset vil vare frå omtrent kl 10 til 17 og i hovudsak bestå av grundig gjennomgang av og tilbakemelding på dei innsende tekstane. Kurshaldar Rolf Enger er forfattar, bokmeldar og skrivelærar med lang erfaring.