Ny søkjarrekord

Søknadsrekorden ved Skrivekunstakademiet i Hordaland har stått sidan 1996, då 132 søkte seg til årskurset. No, 15 år etter, kan vi notere historias høgaste søkjartal, og det nye rekordtalet er 137. Det er ei stor glede for Skrivekunstakademiet å oppleve så stor interesse for utdanningstilbodet vårt, og vi ser fram til arbeidet med å plukke ut dei best eigna kandidatane.

Svar blir utsendt via post i løpet av siste halvdel av mai.