Nye stemmer

Velkomen til iscenesett lesing på DNS 15. og 16. mars!

Eit samarbeid mellom Bergen Prosjektteater, Den Nationale Scene og Skrivekunstakademiet har sett fokus på ny tekst for scene. Etter ei vekes seminar hausten 2010 har studentane ved akademiet arbeidd fram dramatiske korttekstar. To tekstar, av Jakob Skjelbred og Kirstine Reffstrup, er valt ut til vidare arbeid i ei vekes workshop ved DNS. I løpet av denne veka har dramatikar med sin tekst fått møte skodespelarar og instruktør, og resultatet av dette arbeidet blir presentert over to kveldar.

Dette er eit pilotprosjekt, eit laboratorium for korleis ein arbeider fram ny tekst for scene, og minskar avstanden mellom nye dramatikarar og teateret.

Tid: 15. og 16. mars, begge kveldar kl. 19

Stad: Småscenen

Inngang: Fribillettar, må hentast i billettluka på førehand

Regi: Thorleif Linhave Bamle. Medverkande: Tormod Løvold, Sarah Christine Sandberg og Karin Stautland.