Responskurs 12. og 13. mars

Helga 12. og 13. mars er det klart for eit nytt responskurs med forfattar og erfaren skrivelærar Tormod Haugland. Dette eit kurs for deg som skriv prosa og/eller lyrikk, med ambisjonar om å få det publisert. I tillegg til kunnig tilbakemelding frå ein lærar som veit kva som krevst for å få eit manus antatt hjå eit forlag, gjev responskurset eit innblikk i korleis tekstgjennomgang ved akademiet kan fungere i praksis. Søknadsfrist 25. februar. Meir informasjon om kurset her.