Opne føredrag om dramaturgi

Ikkje gå glipp av den opne delen av Skrivekunstakademiets førstehjelpskurs i dramaturgi, som blir avvikla laurdag 27/11 på seminarrom A og B på Studentsenteret. Kurset startar 11:00, med Bjørn Sortlands føredrag «Det kan skje at nokon finn det naudsynt å bruke vald». Deretter held litteraturvitar Frode Helmich Pedersen føredraget “Om fortellerteknikk. Med eksempler fra verdenslitteraturen”. Kl. 13-13:30 blir det høve for lunsj, så held May Grethe Lerum føredraget “Kan du danse vals, kan du dikte – dramaturgi og det gylne snitt”. Kurset endar omlag kl. 14:30. Møt opp i god tid! Kurset kostar ingenting og ope for alle.