Temakveld med Per Buvik

baudelaire“Baudelaire – storbyens poet” er tittelen når Per Buvik kjem til Skrivekunstakademiet tirsdag 23. november.

Per Buvik er professor i allmenn litteraturvitskap og instituttleiar ved institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. Han sit i redaksjonen for Norsk litteraturvitenskapelig tidsskrift, og er medlem av redaksjonskomitéen for det franskspråklege internasjonale forskningstidsskriftet L’Année Baudelaire. Buviks siste bokutgiving er L’Identité des contraires. Sur Georges Bataille et le christianisme, om Batailles dialog med kristendommen (kom tidlegare i år).

I overgangen mellom romantikk og symbolisme markerte Charles Baudelaires Les Fleurs du Mal (Det vondes blomar) sjølve vendepunktet i den europeiske lyrikken, der det moderne storbylivet stig fram.

I samband med Skrivekunstakademiet si teoriundervisning kjem professoren diktaren i møte, og vidareformidlar det han finn til publikum. Arrangementet byrjar klokka 19, gratis og ope for alle!