Internasjonalt prisa SKA-lærarar

Gunnhild ØyehaugGunnhild Øyehaug får Prins Eugens Kulturpris 2010! Gunnhild sin roman Vente blinke har i år gjort suksess i svensk omsetjing. Denne prisen har som føremål å styrkje sambandet mellom nabolanda, og blir delt ut 5. desember i Stockholm.

Tidlegare i haust fekk også undervisningsleiar Øyvind Rimbereid utanlandsk heider for sitt forfattarskap. Han mottok prisen N.C. Kaser-Lyrikpreis for 2010, som blei delt ut i Alpane i den italenske delen av Sør-Tyrol.

Skrivekunstakademiet gratulerer!