Temakveld med Kai Johnsen

kai johnsenDramatikk eller scenetekst, ein måte å fortelje verda?

Kai Johnsen, kunstnerisk leiar for tekstutvikling ved Dramatikkens hus i Oslo, kjend mellom anna for sitt mangeårige samarbeid med Jon Fosse, reflekterer rundt avgrensingar og moglegheiter for samtidas teatertekstar.

Skrivekunstakademiet har invitert Johnsen til Bergen i samband med kurs i dramatikk. Café Opera startar denne kvelden ei arrangementsrekkje med fokus på litteratur. Kom på Opera torsdag 21. oktober kl. 20.00! Gratis inngang.