Sommarkurs på Skrivekunstakademiet

sommarkurs 2010I starten av juli arrangerte Skrivekunstakademiet for første gong sommarkurs i eigne lokaler på Verftet i Bergen. Ruth Lillegraven og Brit Bildøen heldt kurset, og av 31 søkarar fekk 12 deltakarar plass. På biletet ser de alle saman samla for fotografering i trappa, og kanskje ser vi nokon av dei igjen på eit tilsvarande bilete etter eit årsstudium?

Bakerst: Skrivelærarane Ruth Lillegraven og Brit Bildøen
Nest bakerst: Dan Sundhordvik, Gyrid Gunnes, Tove Kampestuen Heyerdahl og Kristine Rui Slettebakken
Tredje rekke: Nina Nordal Rønne, Ove Edvin Husby og Rannveig Windingstad
Andre trinn: Ulla Svalheim, Mie Berg, Hanne Thaulow Eidsgaard og Jens Tandstad
Heilt fremst, inntil veggen: Linn Kristin Buan Nordseth