Øyunn Viken ny leiar på Skrivekunstakademiet

oyunn_viken_farge

Det er litteraturvitaren Øyunn Viken som skal leie Skrivekunstakademiet i Hordaland dei neste fire åra. Etter å ha fullført hovudfag i 2001, har ho vore tilknytt  Universitetet i Bergen i ni år med ei rekke ulike arbeidsoppgåver som omfattar alt frå instituttrådsleiing til førelesingar og studentrettleiing. Viken skreiv hovudfag om litteraturkritikk, og har arbeidd som bokmeldar i Morgenbladet. Ho har også fleire gongar vore innom Skrivekunstakademiet som førelesar og sensor.

– Overgangen til høgskule har ført til auka press på administrasjonen ved Skrivekunstakademiet, og styret er sikre på at Viken vil løyse dei administrative leiaroppgåvene på beste måte, seier styreleiar Hans Otto Robberstad, og legg til at den nye leiarens fagkompetanse blir eit viktig supplement til lærarstaben, som er sterk frå før med Øyvind Rimbereid som undervisningsleiar og Gunnhild Øyehaug og Tormod Haugland som skrivelærarar.

Det var seks søkarar på stillinga som akademileiar ved Skrivekunstakademiet.

– Det er gledeleg at så mange viser interesse og omtanke for akademiet. Vi har hatt ein ryddig og god tilsettingsprosess, og er sikre på at vi har funne den beste kandidaten, seier Robberstad.

Øyunn Viken gler seg til å ta fatt på arbeidet.

– Eg er særs motivert for å ta fatt på vidareutviklinga av akademiet, sidan institusjonen er viktig og god, men samtidig har stort utviklingspotensiale. At det er rekordhøgt søkarantal til Skrivekunstakademiet i år, viser at skulen alt har godt ry, og det skal eg jobbe for å vidareføre. Sjølvsagt skal akademiet fortsette å tilby eit så godt undervisningstilbod som mogleg, og målet mitt er at Skrivekunstakademiet skal bli betre kjend for nettopp det.