Å, paradis! Høvring og Christiansen på SKA.

mona høvringTysdag 4. mai arrangerer Skrivekunstakademiet temakveld på Café Opera. Professor i allmen litteraturvitskap Ellen Mortensen samtaler med Rune Christiansen og Mona Høvring om deira forfattarskapar, og begge les frå bøkene sine.

Mona Høvring (biletet) er lyrikar og romanforfattar. Ho debuterte i 1998, og hadde tiårsjubileum som forfattar med si siste utgjeving. Å, paradis! kom altså i 2008, og du kan lese meir om diktsamlinga her.

Rune Christiansen debuterte i 1986, og har sidan den gong gjeve ut ei rekke diktsamlingar og romanar. Han fekk riksmålsprisen i 2009 for si siste utgjeving, romanen Krysantemum.

Arrangementet finn stad på Café Opera tysdag 4. mai klokka 19:00.