Søkartalet til årskurset nærmar seg rekord

årskurs96-97 Dette er klassebiletet frå årskurset på Skrivekunstakademiet i Hordaland i  1996/97.  Dette var året då noverande akademileiar Olaug Nilssen søkte om opptak første gong. Søkartalet var då på rekordhøge 132.

I år har vi så langt mottatt 125 søkarar til årskurset 2010/11, noko som er ein oppgang frå i fjor på 45 %. Vi ventar enno nokre dagar på eventuelle askefaste søknadar, men er uansett ny rekord eller ei svært glade for å oppleve ein så markant auke i interessen for Skrivekunstakademiet.