Dobbel dose Lahlum

LahlumHans Olav Lahlum var fjorårets kanskje mest omtalte biograf. Hans store verk om Haakon Lie fekk stor merksemd og mykje åtgaum, og vart også ei populær julegåve. Tidlegare har Lahlum skrive biografi om Oscar Torp og han har også forfatta ei fyldig oversikt over amerikanske presidentar frå George Washington til Barack Obama. Lahlum er aktiv som politisk kommentator, og dukkar rett som det er opp i norske debattprogram på fjernsynet. Han er ein svært kunnskapsrik og underhaldande føredragshaldar.

I april kjem Hans Olav Lahlum til Bergen, og vi arrangerer både temakveld tysdag 20. april og føredrag onsdag 21. april.

Tysdag startar arrangementet klokka 19:30, og Lahlum snakkar då om det å skrive biografiar ut frå sitt utgangspunkt som historikar. Korleis formar ein ei historie ut frå eit enormt grunnlagsmateriale? Kva problemstillingar møter ein, etiske såvel som dramaturgiske?

Onsdag held han føredrag klokka 11:00 med utganspunkt i biografien om Haakon Lie.

Begge arrangement finn stad på Bergen offentlege bibliotek, og det er gratis inngang. Vel møtt!