Ledig stilling som akademileiar

Skrivekunstakademiet i Hordaland vart stifta i 1985 og driv undervisning i skapande skriving. Akademiet er ei sjølvstendig stifting finansiert av Hordaland Fylkeskommune. Administrasjon og fagmiljø er sett saman av 5-6 personar, alle i deltidsstillingar, i tillegg gjer ein nytte av omlag 20 gjestelærarar i løpet av eit studieår.

Vi har ledig åremålsstilling (4 år) som

AKADEMILEIAR

Stillinga er på 50 %, med muligheit for auke. Akademieleiar er direkte underordna styret og har det faglege, økonomiske og administrative ansvaret for drifta av Skrivekunstakademiet i Hordaland. Arbeidet omfattar mellom anna utdanningspolitisk arbeid, utvikling av studietilbod, oppfølging av planar og budsjett, årsmelding og rekneskap og ansvar for dei tilsette. Det er også ynskjeleg at akademileiar er ein del av fagmiljøet og kan påta seg undervisningsplikt.

For tida driv akademiet Årsstudium i skapande skriving, eit eittårig skrivestudium (tolv studentar) på høgskulenivå (60 studiepoeng). Studiet er akkreditert av NOKUT og vidareutviklinga av dette, samt utviding av studietilbodet, vil stå sentralt i arbeidet framover.

Vi søkjer ein engasjert og initiativrik person med fagkompetanse frå litteraturfeltet og med evner til strategisk og administrativt arbeid, som ynskjer vere med og utvikle Skrivekunstakademiet framover. Vi vil leggje vekt på følgjande kvalifikasjonar:

# Leiar- og administrasjonserfaring

# God kjennskap til skjønnlitteratur

# Kontaktskapande eigenskapar og samarbeidsvilje

# Evt. forfattarskap, både skjønnlitterær og faglitterær

Administrasjonsmålet til Skrivekunstakademiet er nynorsk. Arbeidsstad er Bergen. Løn etter avtale. Oppstart 1. august.

Søknadsfrist: 15. april 2010. Send søknad med CV til post@skrivekunst.no eller Skrivekunstakademiet i Hordaland, Georgernes Verft 12, 5011 BERGEN.

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med styreleiar Hans Otto Robberstad, tlf. 90554055, eller akademileiar Olaug Nilssen, tlf. 95763082 el. olaug@skrivekunst.no.