Førstehjelpskurs i dramaturgi

Gunnar StaalesenTreng du kyndige råd om korleis du byggjer opp vellukka dramaturgi i tekstane dine? Velkomen til seminar på Studentsenteret i Bergen, Auditorium A og B, laurdag 24. oktober! Gunnar Staalesen gjev eit innblikk i forfattarverkstaden sin, med føredraget Skrivebordets hemmeligheter. Ingelin Røssland om korleis det enkle kan bli genialt i føredraget Frå to små tomatar til Jason Bourne. Og litteraturvitar Frode Helmich Pedersen fortel om fortellerteknikk med døme frå verdslitteraturen. Seminaret er gratis! Og det varar frå 11:00 til 14:30. Møt opp i god tid for å kapre ein god plass.