Nye studentar på skrivekunstakademiet

arskurs8687 For å illustrere ei sak om nye studentar, har vi funne eit bilete av gamle studentar. Her er gruppa som gjekk ut frå Skrivekunstakademiet  i 1987, saman med skrivelærarane Jon Fosse, Rolf Sagen og Erland Kiøsterud. Ser du godt etter blant studentane, får du auge på dagens leiar av Forfatterforeningen. Fleire tidlegare studentar, kan du sjå her.

Men i dag ønskjer vi altså nye studentar velkomne til årskurs i skapande skriving. Dei heiter Joakim Hunnes, Lars Leenderts, Eirik Lunde, Eivor Elisabeth Daae Mæland, Vigdis Nybø, Ane Nydal, Charlotte Kirkebø Riise, Arild Rossebø, Silje Osnes Ulstein, Siri Katinka Valdez, Aina Villanger og Eli Fossdal Vaage. Vi gler oss!