Ny nettside for akademiet

kakeopningI samarbeid med firmaet perrong.no, har vi no rydda og friska opp nettsida vår. Opning av sida vart feira med kake til studentane og gjestelærar Vigdis Hjorth. Under «Studentar» kan du no finne namnet på alle som har gått på Skrivekunstakademiet saman med namnet til alle som har debutert. Etter kvart vil vi også legge ut dei gamle klassebileta. Sjå elles lenkesida vår, for medieomtale av akademiet.

På biletet: Perrongs Håvard Grimelid i ferd med å ta seg eit kakestykke. Student Ida Zernichow Mathistad og Gunnar Buer var også blant dei som fekk kake.