Vekk med streken

Skrivekunstakademiet er det nye Skrivekunst-akademiet. «Ikkje bindestrek – det er det ingen grunn til, for ingen normal lesar vil tolka det annleis enn eit «akademi for skrivekunst'», seier Sylfest Lomheim.

Jeg blir matt av å skrive Skrivekunst-akademiet med bindestrek. Skrivekunst-akademiet omtaler seg selv slik, og det er i respekt for akademiet og dets konstitusjon at jeg følger opp på denne måten. Norsk rettskriving tilsier at dette er feil. Bruken av bindestrek skal reduseres til et minimum, oppsummert i seks konkrete punkter. Jeg vil be om at Skrivekunst-akademiet i Hordaland i fremdtiden skriver godt norsk.

Dette skreiv forfattar og tidlegare student ved akademiet, Øyvind Ådland, for fire år sidan i ein fotnote. Framtida er med dette nådd. Med velsigning frå heile Noregs språkorakel Sylfest Lomheim, skriv me heretter Skrivekunstakademiet utan bindestrek.