Sommarkurs

Sommarkurset er eit skrivekurs over fleire dagar for deg som ynskjer å kome i gang med skriving på alvor eller få eit kick til å kome vidare. Og ikkje minst; møte andre som interesserer seg for skriving.

I år arrangerer vi kurs frå måndag 25. juni til torsdag 28. juni 2012 med Rolf Enger og Mirjam Kristensen.

Kurset blir halde i Skrivekunstakademiets lokale på Verftet. Kursavgift: 2500,-

Du søker med fem til sju sider sjølvskriven tekst av skjønnlitterær karakter innan 1. juni. Søknaden sender du til Georgernes Verft 12, 5011 BERGEN eller på e-post til post@skrivekunst.no (send dokumenta då som pdf). Legg ved kontaktinformasjon om deg sjølv: e-postadresse, telefonnummer og postadresse. Vi tek opp inntil 12 søkarar.

Rolf Enger er skjønnlitterær forfattar (siste bok 1949 e.Kr), og for tida vikarierande leiar ved akademiet. Han har lang erfaring som skrivelærar, vore bokmeldar i ei årrekke for Bergens Tidende, arbeidd som journalist og vore tidsskriftredaktør.

Mirjam Kristensen er også skjønnlitterær forfattar (siste bok Et rikt liv), og har vunne fleire prisar, mellom anna Tarjei Vesaas Debutantpris. Kristensen sit i det litterære råd, og har arbeidd som skrivelærar.