Responskurs 19. og 20. november

Søk på responskurs og set av helga 19. og 20. november til intensive tekstgjennomgangar på Skrivekunstakademiet! Kurshaldar Tormod Haugland er ein kritikerrost forfattar og skrivelærar med lang erfaring. Mange som har gått på responskurset, har seinare kome inn på årsstudiumet vårt. Meir om kursets innhald og korleis du søkjer, her.

Nye SKA-studentar på Espedals scene

Tomas Espedal lanserer den nye romanen sin, Imot naturen, på Studia fredag 23/9 kl 18.00. Espedal har raust nok invitert dei nye studentane ved Skrivekunstakademiet til å bidra med opplesing denne kvelden, og me oppmodar til å gå mann av huse! Meir informasjon om arrangementet her.

Temakveld med Espedal

Tomas Espedal er haustaktuell med romanen Imot naturen, “en undersøkelse av arbeidet; arbeidet i fabrikken, kjærlighetsarbeidet, skrivearbeidet. Arbeidet for å leve et liv i samsvar med samfunnet og naturen. Men hva er naturlig, og hvorfor trekkes fortelleren mot det umulige, den umulige kjærligheten, bøkene, mytene, tabuene?”

Tysdag 13/9 kl 19.00 kjem skriftsarbeidaren til Skrivekunstakademiet for å snakke om romanforma. Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen!

Søk på skrivekurs i Odda!

I samband med Litteratursymposiet i Odda, held me eit intensivt skrivekurs med Rolf Enger laurdag 15. oktober. Send inn din søknad innan 26. september! Kurset vil i hovudsak bestå av grundig gjennomgang av og tilbakemelding på dei innsende tekstane. Kurshaldar Rolf Enger er forfattar, bokmeldar og skrivelærar med lang erfaring. Meir informasjon her.

Kunstnarstipend

For å støtte skapande, profesjonelle kunstnarar på Vestlandet, utlyser Sparebanken Vest i 2011 15 stipend à 50 000 kroner innan kategoriane Ord, Lyd og Bilete. Pengane kan brukast til prosjekt, til studiereiser eller som arbeidsstipend. Søknadsfristen er 23. september 2011, og utdelinga finn stad i Bergen 8. desember.

Kun utøvande kunstnarar med arbeids- og bustad på Vestlandet kan søkje på stipendet.

For meir informasjon, sjå https://www.spv.no/om-oss/aktivitetskalender/visjon_vest_kunstnerstipend_2011/