Marit Eikemo kom i haust ut med Samtale ventar, ein ifølgje forlaget drivande god roman om å falle utanfor. Tysdag 29. november kl 19:00 kjem Eikemo til Skrivekunstakademiet for å halde innlegg om denne boka og om forfattarskapen sin generelt. Gratis inngang og ope for publikum. Velkomen!
Skrivekunstakademiet gler seg over synet av dei Bragepris-nominerte, der tidlegare studentar finst i tre kategoriar: Mette Karlsvik med boka Bli Björk i kategorien skjønnlitteratur for vaksne, Agnes Ravatn med boka Folkelesnad i kategorien sakprosa, og ikkje minst er fjorårsstudenten Sunniva Relling Berg nominert til beste barne- eller ungdomsbok for si bok Utfor. Fingrar i kryss for dei dyktige damene!
På nyåret startar Skrivekunstakademiet opp påbyggingskurs i skapande skriving. Kurset er meint for deg som har eit år eller meir skriveskuleutdanning på høgskulenivå eller som allereie har publisert ei eller fleire bøker, og ynskjer å vidareutvikle eit pågåande skriveprosjekt. Den veletablerte og kritikarroste forfattaren Pedro Carmona-Alvarez er hovudlærar på kurset, og skal ha med seg fleire mentorar og gjestelærarar. Søknadsfrist 1. desember! Les meir om dette tilbodet her.
Rolf Enger er no på plass som leiar på akademiet for Øyunn Viken, som skal ut i permisjon. Kontaktadressa til Rolf er rolf@skrivekunst.no
Søk på responskurs og set av helga 19. og 20. november til intensive tekstgjennomgangar på Skrivekunstakademiet! Kurshaldar Tormod Haugland er ein kritikerrost forfattar og skrivelærar med lang erfaring. Mange som har gått på responskurset, har seinare kome inn på årsstudiumet vårt. Meir om kursets innhald og korleis du søkjer, her.