Studentar frå SKA i Bok i P2

aina og eivor

På ein førebels ukjend dato etter påske kan du høyre to av Skrivekunstakademiets studentar på Bok i P2. Aina Villanger og Eivor Elisabeth Daae Mæland deler sine tankar om forfattaren Virginia Woolf og klassikaren To the lighthouse. Også skrivelærar Gunnhild Øyehaug deltek i programmet.

Temakveld om ny, omsett poesi

årskurs94-95Gunnar Wærness og Pedro Carmona Alvarez gjekk i same klasse på Skrivekunstakademiet i 1994/1995. Det er mange år og bøker sidan den gongen, men no jobbar dei to saman om eit gigantverk med til no upublisert internasjonal ny poesi.

Høyr Gunnar Wærness og Pedro Carmona Alvarez fortelje om boka og omsettingsarbeidet på Café Opera tysdag 16. februar klokka 19:00. Arrangementet er gratis og støtta av Sparebanken Vest, Norsk kulturråd og Bergen kommune.

Klikk på biletet for større versjon: Pedro står på øvste rad, lengst til høgre. Gunnar sit som nummer tre frå høgre på nedste rad.

Tekst som lyd # 4

per platou på operaKom til Landmark torsdag 21.01. klokka 19:00! Då framfører årets studentar ved Skrivekunstakademiet eigne tekstar til lyd, i samarbeid med lydkunstnar Per Platou. Her kan ein høyre resultatet av fjorårets tekst som lyd-arrangement. På biletet: konsentrert Per Platou under framføring på Café Opera i fjor.

Skrivekunstakademiet fornyar seg

Skrivekunstakademiet går for tida gjennom ei oppfrisking. Lokala blir  lysare og mykje av inventaret blir skifta ut til fordel for meir praktiske og behagelege løysingar. I løpet av våren skal vi vere ferdige med alle rom, men nyt alt no godt av nytt kjøkkeninventar med oppvaskmaskin og ei sofagruppe i biblioteket.

På bileta: 1. Den nye kjøkkenkroken, førebels ubrukt og rein. 2. Studentane Aina Villanger og Eivor Elisabeth Daae Mæland et lunsj i biblioteket.

nytt kjøkkenaina og eivor

Tvisynt temakveld med Vinje og Rorgemoen

vinje_litenvinje_litenAasmund Olavsson Vinje er mannen bak Ferdaminni fraa Sumaren 1860. Kjersti Rorgemoen er kvinna bak masteroppgåva “Her er mine Dyr” hausten 2007. Torsdag 10. desember klokka 19:00 føredrar Rorgemoen om Vinjes Ferdaminni på Skrivekunstakademiet.Vi serverer to sortar julekaker og to sortar julebrus. Vel møtt!