Påbyggingskurs i skapande skriving

KURSET
Påbyggingskurset vil bestå av tre helgesamlingar, to individuelle rettleiingar, samt ei vekesamling på slutten av kurset. Undervisninga vil bli leia av hovudlærar Pedro Carmona-Alvarez, samt gjestelærarar under fellessamlingane og mentorar på rettleiingane. I undervisninga vil det bli fokusert på litterære metodar og formtradisjonar; korleis tenker ein fram eit litterært arbeid? Korleis tenker ein dramaturgisk? I tillegg vil det bli lagt stor vekt på nærlesing, for på denne måten å ta tak i kvart manuskripts utfordringar på dess eigne premissar. Mentorane som les og rettleiar studentane er sjølve forfattarar. Studentane les kvarandre sine arbeid, er aktive i plenumsdiskusjonar og samtalar. Skrivekunstakademiet tek opp seks studentar til påbyggingskurset. Kurset vil bli avvikla i tidsrommet januar-juni 2012. Sjølve kurset er gratis, men kvar deltakar må betale ei kopieringsavgift på 1000 kroner.

Helgene for fellessamlingar og menormøte går føre  seg veke 4, 8, 13, 17 og 21. Den avsluttande vekesamlinga er lagt til veke 24.

SØKNADSKRITERIUM
Studiet er meint for den som arbeider med eit påbyrja litterært manuskript og vil fordjupe seg ytterlegare i prosjektet sitt. Det er eit krav at søkjaren har gjennomført minst eitt år skriveutdanning på høgskulenivå, eller har ein eller fleire utgjevingar bak seg.

OPPTAKSGRUNNLAG
Søknad om opptak skal innehalde 10-15 sider tekst, skrive i løpet av dei to siste åra, av skjønnlitterær karakter. Teksten bør vere ein del av det arbeidet studenten vil konsentrere seg om på kurset. I tillegg til den skjønnlittære teksten, skal ein legge ved utfylt søknadsskjema med opplysingar om:

  • Personlige data (obligatorisk)
  • Tidlegare utdanning (obligatorisk)
  • Motivasjon for studiet (obligatorisk)
  • Lese- og skriveerfaring, deltaking i lese- og skrivegrupper, redaksjonsarbeid, deltaking i antologiar eller andre publikasjonar, litteraturpedagogisk arbeid eller annan arbeidserfaring frå tidsskrift, forlag o.l. Legg gjerne ved referansar.

Last ned søknadsskjema her (pdf) eller her (word).

SPRÅK
Søkjarar som skriv på norsk, svensk og dansk blir vurderte på lik linje. Søknadar på andre språk blir ikkje vurderte.

OPPTAKSNEMND OG VURDERING
I nemnda for opptak sit hovudlærer, undervisningsleiar, samt minst ein av dei fagtilsette eller ein eksternt innkalla lesar.
 I vurderinga til opptaket blir det lagt vekt på søkjarens evne til å framstille eit innhald/stoff i ein skjønnlitterær form.

SØKNADSFRIST 1. DESEMBER 2011