Vedtekter

Vedtekter for stiftinga Skrivekunstakademiet i Hordaland
(fastsett i Fylkestinget 20.06.1996)

1. Føremål

Skrivekunstakademiet i Hordaland har til føremål å gje undervisning i skrivekunst og elles arbeide for å styrkje norsk skriftkultur.

2. Kapital

Grunnkapitalen er urørleg og utgjer kr. 50.000,-.

3. Representantskap

3.1. Fylkesutvalet i Hordaland, valt av Fylkestinget, er representantskap for Skrivekunstakademiet i Hordaland.

3.2. Representanskapen som er det øvste organet for stiftinga har til oppgåve:

  • å velja styre og styreformann jfr. § 4.1
  • å fastsetja årsrekneskap
  • å drøfta langsiktige planar for drifta av stiftinga
  • å sjå til at stiftinga vert driven i samsvar med vedtektene og vedtak, gjorde i representantskapen.

Møte i representantskapen vert halde minst ein gong i året, og innkalling skjer i samsvar med instruks for Fylkesutvalet i Hordaland.

4. Styre

4.1.1. Stiftinga skal ha eit styre på fem medlemer med personlege varamedlemer. Valperioden fylgjer valperioden for Fylkestinget.

4.1.2. Ein av styremedlemene med varamedlem vert oppnemnd av representantskapen etter framlegg frå Universitet i Bergen.

4.1.3. Ein av styremedlemene med varamedlem vert oppnemnd av representatskapen etter framlegg frå Den Norske Forfatterforening.

4.1.4. Tre styremedlemer vert valde av representantskapen på fritt grunnlag.

4.1.5. Ein representant for dei tilsette og ein studentrepresentant møter i styret med tale- og røysterett.

4.2. Styret har til oppgåve

  • å velja nestleiar for styret
  • å tilsetja turvande administrasjon/lærarkrefter
  • å godkjenna framlegg til årsbudsjettet
  • å ha det overordna økonomiske ansvaret for stiftinga
  • å gje representantskapen dei opplysningar som trengs for å vurdera verksemda til Skrivekunstakademiet i Hordaland
  • å syta for rekneskapsføring og revisjon

4.3. Styret held møte når formann, akademileiar eller minst 2 medlemer ynskjer det. Det vert skrive referat frå møta. Styret er vedtaksført når minst 4 medlemer er til stades. Sakene vert avgjorde med vanleg fleirtal. Står røystene likt har formannen, eventuelt nestformannen, dobbelrøyst. Styret kan gje akademileiar eller anna leiande personale prokura eller anna form for fullmakt.

5. Akademileiar

Stiftinga skal ha ein akademileiar som er ansvarleg for drifta ved Skrivekunstakademiet.

Akadmeileiar vert tilsett på åremål – 6 år om gongen.

Akademileiar har talerett og rett til å gjera framlegg på styremøta, men har ikkje røysterett.

Akademileiar er sekretær for styret, og syter for at det vert skrive referat frå styremøta.

6. Administrasjonsmål

Administrasjonsmålet for stiftinga er nynorsk.

7. Økonomisk ansvar

Økonomisk ansvar som grunnar seg på verksemda til stiftinga, kan berre gjerast gjeldane overfor stiftinga. Føresegna i paragraf 13 i lov for stiftelser (Lov 23. mai 1980, nr. 11) om ansvar for medlemer av styret, eller andre som har ombod i, eller fullmakt til å handla på vegner av stiftinga, gjeld likevel.

8. Revisjon

Styret avgjer kven som skal vera revisor for stiftinga

9. Vedtekstsendring

Vedtektene for stiftinga kan endrast av representantskapen etter framlegg frå styret. Slik vedtektsendring krev 2/3 fleirtal.

Vedtekstendring kan godkjennast i samsvar med reglane for omskiping ( jmf. lov nr. 11 for 1980).

10. Oppløysing

Representantskapen kan etter same avgjerdsreglar som for vertektsendringar gjera vedtak om å oppløysa stiftinga. Representantskapen må då gjera framlegg om bruken av midlane til stiftinga.