Tilsette

Øyunn VikenSkrivekunstakademiet har for tida seks fast tilsette som du kan lese meir om her. I tillegg har vi kvart år ei rekkje gjestelærarar, som du kan sjå ei liste over nederst på sida.

Øyunn Viken, akademileiar

Fødd 1973. Universitetslektor og cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap ved UiB. Har lang erfaring som forelesar og studentrettleiar ved UiB. Er styreleiar for Bergen Jazzforum, styremedlem i Vestnorsk Jazzsenter og har ulike andre styreverv innan kulturfeltet bak seg. Skreiv hovudfag om litteraturkritikk, og har arbeidd som bokmeldar i Morgenbladet.

Rolf Enger, undervisningsleiar

Fødd 1960. Forfattar. Debuterte med novellesamlinga Ikke en urmaker i verden i 1989. Har seinare gjeve ut Bronsegutter, noveller (1991), Solformørkelse, roman (1994), Mekhane, essay-roman (1995), Hvis noen skulle være så vemmelige, noveller (1997), Tid og ro, roman (2001) og 1949 e.Kr, noveller (2005). Han har lang erfaring som skrivelærar, vore bokmeldar i ei årrekke for Bergens Tidende, arbeidd som journalist og vore tidsskriftredaktør.

tormodbilete2

Tormod Haugland, skrivelærar

Fødd 1962. Forfattar. Utdanna ved Skrivekunstakadmiet i Hordaland og cand.art. med hovudfag i grafisk illustrasjon ved Statens Høgskole for Kunsthåndverk og Design, Bergen. Debuterte med romanen Under i 1994. Andre utgjevingar: Varmare, roman (1995), Heller, roman (1997), På øya, dikt (1998), Orden, noveller (1999), Verd, roman (2000), To stykke, dramatikk (2002), Inkarnasjon, roman (2004), I den sjette verda, roman (2005), No Mar, roman (2006), Orm, ugla og and. Prosa obskura, essays (2008), Straumen går, dikt (2012). Haugland har publisert noveller, essays og artiklar i ei rekkje tidsskrift og antologiar. Akademileiar ved Skrivekunstakademiet 1998-2008

Cecilie LøveidCecilie Løveid, skrivelærar

Fødd 1951. Forfattar, dramatikar, lyrikar. Debuterte i 1972 med romanen Most. Har ein stor dramaproduksjon, samt prosaverk, barnebøker og ei diktsamlingar bak seg, seinaste bøker: Gartnerløs (2007), Nye ritualer (2008), Svartere bunader (2010), Flytterester (2012). Har fått ei rekkje prisar, mellom annan Aschehougprisen, Doblougprisen, Ibsenprisen, Gyldendalprisen.

oyehauggunnhild3

Gunnhild Øyehaug, skrivelærar

Fødd 1975. Forfattar og cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap ved UiB. Debuterte i 1998 med diktsamlinga Slaven av blåbæret. Andre utgjevingar: Knutar, noveller (2004), Stol og ekstase, essays og noveller (2006), Vente, blinke, roman (2008). Har elles publisert ei rekkje skjønn- og faglitterære tekstar i ulike tidsskrift og antologiar, og gjendikta frå fransk. Øyehaug var medredaktør i tidsskriftet Kraftsentrum. Har røynsler frå arbeid som spaltist og litteraturkritikar i Morgenbladet og Klassekampen, medredaktør i Vagant, samt arbeidd som forlagskonsulent. Ho har vore knytt til ulike undervisnings- og læringsprosjekt, og vore knytt til allmenn litt.vit, UiB, som kollokvieleiar og sensor.

Eli Fossdal Vaage

Eli Fossdal Vaage, kontorfullmektig

Fødd 1984. Debuterte med diktsamlinga Hekla myter i 2014. Er tidlegare elev ved Skrivekunstakademiet, og har ein mastergrad i Allmenn Litteraturvitskap frå UiB. Har i mange år arbeidd som journalist i ulike redaksjonar i NRK, og har vore publisert i fleire tidsskrift.

 

 

Gjestelærarar ved Skrivekunstakademiet 2010-d.d:

Arne Lygre

Pedro Carmona-Alvarez

Cathrine Knudsen

Ellisiv Lindkvist

Espen Stueland

Kristin Berget

Odd W. Surén

Øyvind Rimbereid

Lars Skorpen

Ulf Karl Olov Nilsson

Ingrid Nielsen

Erlend Nødtvedt

Øyvind Berg

Knut Ove Arntzen

Kristine Tofte

Frode Helmich Pedersen

Tomas Espedal

Tore Vagn Lid

Bjarte Breiteig

Mette Moestrup

Tone Hødnebø

Annette Mattsson

Trude Marstein

Ida Linde

Gustein Bakke

Mona Høvring

Tor Eystein Øverås

Ingrid Rishøi

Audun Lindholm

Erling Kittelsen

Jeppe Brixvold

Gunnar Wærness

Kjersti Rorgemoen

Gritt Uldall-Jensen

Kristin Auestad Danielsen

Anders Hasmo Dahl

Tonje Røed

Catharina Gripenberg

Arne Skaug Olsen

Frode Grytten

Thure Erik Lund

Gro Dahle

Ole Robert Sunde

Torleif Linhave Bamle

Solrun Toft Iversen

Torild Wardenær

Maria Tryti Vennerød

Marit Eikemo

Susanne Christensen

Mette Moestrup