Eksamensreglement

1. INNLEIING
Til grunn for eksamensordninga er Lov om universiteter og høgskoler, og Skrivekunstakademiets eksamensreglement som byggjer på same lov. Prosedyrane er utarbeidd i samråd med styret for Skrivekunstakademiet, akademileiar, undervisningsleiar og i møte med anna fagpersonale.

2. KANDIDATEN

2.1 Tidsplan
Ved starten av studiet skal studenten gjerast kjent med eksamensordninga og tidsplanen for denne. Undervisningsleiar utarbeider i samarbeid med akademileiar ein framdriftsplan for eksamensgjennomføringa.

2.2 Tidspunkt
Eksamen vert gjennomført ved slutten av andre semester.

2.3 Oppmelding
For å få godkjent studiet må studenten gå opp til eksamen.
Studenten vert automatisk oppmeld til eksamen ved slutten av andre semester når

  • studenten har fått godkjent fyrste semester (haustarbeidet)
  • innfridd krav til undervisningsframmøte og innleveringar i andre semester (deleksamen o.a.)

2.4 Avmelding
Avmelding til eksamen vert rekna som ikkje godkjent.

2.5 Utsett eksamen på grunn av sjukdom
Dersom studenten vert sjuk i eksamensperioden, kan det etter søknad med vedlagt legefråsegn gjevast utsett frist for innlevering av eksamensarbeidet. Dette gjeld også ved dødsfall i næraste familie og andre dokumenterte hindringar. Eksamen vil då verte avvikla så raskt som mogeleg.
Ved lengre tids sjukdom i eksamenssemesteret kan det søkjast om utsetjing av eksamen. Søknaden vert vurdert av akademileiar i samråd med undervisningsleiar ut frå sjukdomsperiodens lengd, ynskjeleg tidspunkt for utsett eksamen og institusjonens mogelegheiter for ei god eksamensgjennomføring.

2.6 Eksamensperiode
Eksamensperiodens lengd går fram av studieplanen.

2.7 Innlevering
Arbeidet som vert lagt fram for sensur er ein skjønnlitterær tekst (hovudarbeid) på 17-20 sider, samt deleksamen i form av eit føredrag i skriftleg form (ca. 5 sider) basert på delar av teoretisk pensum. Føredraget skal ha ei reflekterande form og omhandle eit litterært emne. Det skal leverast skriftleg for å verte vurdert og godkjend av undervisningsleiar, slik at det kan gå inn som ein del av skriftleg eksamen. Det kan ikkje nyttast som del av hovudarbeidet.

2.8 Språk
Den skriftlege delen av eksamensarbeidet kan vere på norsk, svensk og dansk. Det same gjeld for den munnlege delen.

2.9 Sensur
Sjå punkt 4.

2.10 Resultat
Ekstern sensor og ein hovudrettleiar utgjer sensorgruppa for den einskilde kandidat. Desse skal saman gå gjennom eksamensarbeidet og vurdere kva karakter som skal gjevast: Godkjent eller Ikkje godkjent.

2.11 Stryk
Ein student har stroke til eksamen når eksamen er vurdert til Ikkje godkjent.
Likestilt med stryk er det når ein student ikkje leverer inn sine eksamensarbeid til den fristen som er gjeven.
Ein student får også stryk dersom han/ho bed om at dei innleverte arbeida ikkje skal sensurerast.
Studentar som av andre grunnar enn dokumentert sjukdom ikkje gjennomfører eksamen, får karakteren Ikkje godkjent.

2.12 Klage/klagesensur
Ved kunngjering av Ikkje godkjent skal det opplysast om klagerett.
Frist til å klage på sensureringa er tre veker etter kunngjeringa.
Ei eventuell klage skal vere skriftleg og sendast til administrasjonen ved akademileiar. Skrivekunstakademiet har ei fast klagenemnd som tek hånd om saka.
(Klagereglar for eksamen finst i Lov om universiteter og høgskoler Kap. 5, §5-2 og 5-3.)

2.13 Ny eksamen
Ved klage vil leiinga arrangere ny sensurering med ny sensor og rettleiar. Karakterfastsetjinga ved ny sensurering kan ikkje påklagast.

Klagehandsaming av vurdering/karakterfastsetjing skal vere ein kontroll av sensur og eksamensprestasjon. Den skal byggje på studentens eksamensarbeid og på anna materiale i saka, medrekna den eller dei skriftlege grunngjevingar som er gjevne.

Ny sensur bør gjevast så raskt at klagar vert minst mogeleg hindra frå vidare studiar.

Ved stryk kan ein gå opp på nytt ved innlevering innan 1. september same år.

3. SENSORAR

3.1 Framlegg til ekstern sensor
Akademileiar hentar inn framlegg til ekstern sensor frå undervisningsleiar og andre hovudrettleiarar.
Akademileiar undersøkjer i samråd med undervisningsleiar at mogelege sensorar

  • har tilstrekkjelege faglege kvalifikasjonar
  • eignar seg for oppgåva
  • har god kjennskap til samtidslitteraturen og fagfeltet
  • kan kommunisere med hovudrettleiar og studentane
  • er interessert i utviklinga av høgare utdanning innan skapande skriving
  • er interessert i og tilgjengeleg for oppgåva
  • ikkje er inhabil i høve til nokon av eksamenskandidatane

Det skal ikkje fremjast framlegg om personar som har vore tilsett som faglærar ved Skrivekunstakademiet i løpet av dei siste to åra.
Det skal ikkje fremjast framlegg om personar som har hatt engasjement over to veker ved studiet siste år.
Ved framlegg om samansetjing av hovudrettleiar og sensor skal følgjande leggjast til grunn:

  • omsynet til fagleg breidde
  • minst ein bør ha erfaring frå tidlegare sensureringsarbeid
  • så langt som råd bør begge kjønn vere representerte

3.2 Oppnemning av sensor
Styrets ansvar for oppnemning av sensor er delegert til akademileiar.
For den einskilde eksamen fremjer akademileiar etter samråd med undervisningsleiar framlegg til oppnemning av ekstern sensor til styret i samsvar med krava i punkt 3.1.

3.3 Kontakt med ekstern sensor
Når oppnemning av sensor er gjort, førebur studiekonsulenten eit oppdragsbrev for ekstern sensor.
Brevet skal innehalde informasjon om:

  • Framdriftsplan for avvikling av eksamen
  • Oppgåvene knytt til oppdraget
  • Førespurnad om inhabilitet
  • Honorar m.m.

Vedlagt skal følgje:

  • Oversikt over eksamenskandidatar
  • Aktuell studieplan
  • Oppdragsskildring (retningslinjer for sensor og for eksamensavvikling).

Studiekonsulenten har ansvaret for å sende alt relevant materiell og informasjon til ekstern sensor. Konsulenten hentar også inn skattekort, kontonummer og anna knytt til honorar/løn for sensorarbeidet. Studiekonsulenten føretek også nødvendig tinging av reise og overnatting.

3.4 Oversending av skriftleg del
Innan avtalt frist sender studiekonsulenten dei skriftlege delane av eksamensarbeidet til ekstern sensor og hovudrettleiar.
Det er ein føresetnad at begge har sett seg inn i den skriftlege delen av eksamensarbeida på førehand, før eksamensgjennomgangen.

3.5 Orientering
Undervisningsleiar har ansvar for at det vert gjennomført orientering for ekstern sensor og hovudrettleiar før oppstart av eksamensgjennomgangen.
Orienteringa skal innehalde:

  • Kven som skal vurderast (ny habilitetskontroll)
  • Prosedyrane for eksamensavviklinga
  • Hovudpunkta i studieplanen:

- Målsetnad
- Hovudelement

  • Vurderingskriteria som vert lagt til grunn for vurderinga
  • Sluttoppgåvene:

- Tilbakemelding
- Ansvar for at protokoll vert signert
- Rapport dersom ein kandidat får ikkje godkjent (sjå punkt 4.11)

3.6 Sensur
Sjå punkt 4.

4. SENSUR

4.1 Sensorgruppe
Sensorgruppa er sett saman av minst ein ekstern sensor og ein hovudrettleiar.

4.2 Gjennomgang av eksamensarbeidet
Vurderinga vert gjort i plenum over fire dagar.
Det vert gjennomført sensurering av tre studentar per dag.
Studentar og sensorar møter førebudde innan kl. 10.00 kvar dag under sensureringa.
Oppmøte er obligatorisk for alle studentar kvar dag av sensureringa.
Til førebuinga kjem lesing av alle eksamensarbeid, og kvar student skal vere opponent for ein medstudent og førebu ei vurdering/lesing av medstudentens innleverte arbeid (2-3 siders kommentartekst). I tillegg skal alle kort presentere sitt arbeid (maks 5 minutt, tekst skal ikkje leverast på førehand).

Det vert rekna 60-75 minutt til kvar student.

  1. Studenten presenterer kort sitt eige innleverte arbeid (maks 5 min.)
  2. Opponenten si vurdering (ca. 10-15 min.)
  3. Sensorane si vurdering (ca. 30-40 min.)
  4. Samtale/diskusjon med kandidaten og sensorgruppe (15-20 min.)

4.3 Vurdering av eksamensarbeidet
Sensorgruppa held intern drøfting på byrjinga og slutten av kvar dag (ca. 20 min.). Vurderinga skal omfatte både tekstarbeidsdelen og opponentoppgåva. Drøftinga skal ta føre seg kandidatens resultat i høve til dei vurderingskriteria som står i studieplanen. Hovudrettleiaren har eit særskild ansvar for at alle sider ved eksamensarbeidet vert vurderte. Gjennomgangen er ikkje offentleg.

4.4 Offentleggjering av eksamensresultat
Sensur vert offentleggjort siste dag av eksamensgjennomganen kl. 15.30.