Sommarkurs med Anna Kleiva og Lars Svisdal

0712BOK_Svisdal-Lars_Foto-Paul-S-Amundsen-.t5c07f3a5.m2400.xba49e0c7byline-bilde_for_28120071Skrivekunstakademiet er glade over å kunne annosere at Anna Kleiva og Lars Svisdal er kurshaldarar på årets sommarkurs. I tillegg til å vere to spennande unge forfattarar med stort litterært særpreg, er det stas å ynskje to tidlegare studentar velkomne til akademiet som lærarar.

Sommerkurset går over fire dagar og passar for deg som ynskjer å kome i gang med skriving for alvor, eller få eit kick til å kome vidare. Og ikkje minst, møte andre som òg interesserer seg for skriving og har eit ønskje om å utvikle seg litterært.

Kurset blir halde i Skrivekunstakademiets lokaler på Verftet. Det går over fire dagar, frå torsdag 25. juni til søndag 28. juni. Søknadsfrist 2. juni. Kursavgift: 4000,-.

Du søkjer med fem til sju sider sjølvskriven tekst av skjønnlitterær karakter, og det vil bli arbeidd grundit med søknadstekstane på kurset, i tillegg til skriveoppgåver og  anna innhald. Det er derfor viktig at deltakarane er førebudde på at alle les kvarandre sine tekstar, og at ein har lese tekstane før kursstart. Søknaden sender du til post@skrivekunst.no (send helst teksten som pdf). Legg ved kontaktinformasjon om deg sjølv: e-postadresse, telefonnummer og postadresse. Vi tek inn inntil 12 søkjarar. Ta gjerne kontakt med oss på mail post@skrivekunst.no eller telefon 55 23 0450 dersom du har spørsmål.