Temakveld med Marie Aubert

7dff7dff-daae-4fa3-895b-4b63e71b3934Ida er arkitekt, barnlaus og i sin beste alder, men i det siste har varsellampene byrja å blinke. For sikkerheits skuld har ho undersøkt moglegheitene for å få fryst ned egg til seinare bruk, i tilfelle ho skulle møte den rette. No er det sommar, og Ida tek bussen sørover til barndomens ferieparadis, kor mora skal feire 65-årsdag med den lille familien sin. På hytta ventar lillesøster Marthe og hennar sambuar. Alt skulle ligge til rette for nokre fine feriedagar, hadde det berre ikkje vore for Marthes strålande nyheiter.

Marie Aubert debuterte i 2016 med novellesamlinga Kan jeg bli med deg hjem, og fekk strålande kritikkar. Voksne mennesker er hennar første roman og sirklar kring tynnslitte familiebånd, sjalusi og sjølhevding, samt skammen over eit uelska tilvære. Møt forfattaren i samtale med vår undervisningsleiar Rolf Enger, på Bergen offentlige bibliotek, 31. oktober klokka 18.