Ledig stilling som skrivelærar

Frå 1. august 2019 søkjer vi etter skrivelærar

Vi søkjer etter ein skjønnlitterær forfattar, gjerne med litteraturteoretisk utdanning og med røynsle frå skriveundervisning. Stillinga er ei fast deltidsstilling på 25%, og vil høve godt i kombinasjon med eigen skjønnlitterær praksis. Undervisninga vil vere delt inn i fleire kortare periodar, der tekstverkstad med lesing og respons, og meir teoretisk undervisning vil inngå. Stillinga inkluderer også eit fast tal møtedagar, og det vil såleis vere ei føremon med bustad i bergensområdet. Løn etter avtale. Kvinner vert oppmoda til å søkje.

For nærare opplysning, kontakt akademileiar Øyunn Viken, tlf. 55 23 04 50/41 20 68 57 eller oyunn@skrivekunst.no.

Send søknaden til oyunn@skrivekunst.no

Søknadsfrist: 1. juni 2019