Temakveld med Katrine Heiberg

OBSOBSOBS: FLYTTA TIL ALVER, LITTERATURHUSET!

HeibergSkrivekunstakademiet inviterer til temakveld med Katrine Heiberg. Ho debuterte i 2018 med diktsamlinga Det gule bladet, den svarte pupillen, (Kolon), som ho fekk mykje merksemd for – «et friskt pust i samtidspoesien», skreiv Aftenposten, «en overbevisende debut», skreiv VG, og forlaget sjølv skriv at dikta gjennomgåande reflekterer «over hvor frie vi egentlig er når vi trer inn i språket eller velger en livsvei.»

Heiberg har gått på årsstudiet og påbyggingskurs på Skrivekunstakademiet, ho er litteraturkritikar i Morgenbladet, og vi har invitert henne til å snakke om arbeidet med debutsamlinga – og lese frå henne. Kva er det med diktforma som gjer at det er hennar form?

Temakvelden er gratis og open for publikum. Vi byrjar i Alver på Litteraturhuset
klokka 19.00. Vel møtt!


http://www.kolonforlag.no/authors/details/92