Sommarkurs med Eli Fossdal Vaage og Erlend Nødtvedt

Eli Fossdal Vaage

Erlend O. NodtvedtI veke 26 (24.-27. juni) arrangerer Skrivekunstakademiet sommarkurs, og vi er glade for å annonsere at årets kursledarar er Eli Fossdal Vaage og Erlend Nødtvedt.

Sommerkurset går over fire dagar og passar for deg som ynskjer å kome i gang med skriving for alvor, eller få eit kick til å kome vidare. Og ikkje minst, møte andre som òg interesserer seg for skriving og har eit ønskje om å utvikle seg litterært.

Kurset blir halde i Skrivekunstakademiets lokaler på Verftet. Det går over fire dagar, frå måndag 24. juni til torsdag 27. juni. Søknadsfrist 3. juni. Kursavgift: 4000,-.

Du søkjer med fem til sju sider sjølvskriven tekst av skjønnlitterær karakter, og det er desse sidene det i hovudsak vil bli arbeidd med på kurset. Det er derfor viktig at deltakarane er førebudde på at alle les kvarandre sine tekstar, og at ein har lese tekstane før kursstart. Søknaden sender du til post@skrivekunst.no (send helst teksten som pdf). Legg ved kontaktinformasjon om deg sjølv: e-postadresse, telefonnummer og postadresse. Vi tek inn inntil 12 søkjarar.