Ledig stilling som undervisningleiar

Vi søkjer etter ein person med skrivekunstnarisk erfaring som vil få hovudansvar for

  • Utdanningas faglege innhald og utvikling
  • Semesterplanar og eksamensgjennomføring
  • Undervisning, rettleiing og oppfølging av studentane

 

Skrivelærararbeidet er stillingas mest omfattande del. Søkjarar bør ha solid skrivekunstnarisk erfaring og relevant erfaring med så vel rettleing av kunstneriske prosesser som oppbygging av undervisningsprogram, i tillegg til god kjennskap både til utdannings- og kunst- og kulturfeltet. Søkjarar skal ha relevant kunstnarisk kompetanse, og Skrivekunstakademiet kan sørgje for kompetansevurdering etter “Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger”.

At søkjar er spesielt eigna til jobben vil også tilleggast stor vekt. Det inneber gode samarbeids-, kommunikasjons- og gjennomføringsevner.

Løn etter avtale. Skrivekunstakademiet har eige løns- og stillingssystem, og obligatorisk tenestepensjon på 4%.

Informasjon om stillinga kan ein få hos akademileiar Øyunn Viken, oyunn@skrivekunst.no, telefon 55230450/41206857

Søknadsfrist: 15. april 2019.

Søknaden skal innehalde CV med oversyn over relevant kompetanse og kunstnarisk virke samt kontaktinformasjon til minst to referansar. Ønska oppstartdato: 1. august 2019.