Temakveld med Eivind Riise-Hauge

Eivind Riise HaugeEivind Riise Hauge er forfattar, dramatikar og sjakk-kommentator. Han har vore student ved Skrivekunstakademiet, debuterte i 2010 med novellesamlinga «Viktor Tukmakovs siste vinter» og har sidan gjeve ut seks bøker i ulike sjangrar, mellom anna ein roman, tre novellesamlingar og ei bok om sjakk. Han er no aktuell med skodespelet «Rop!» Han kjem til oss for å snakke om forfattarskap og skrivepraksis — om novelleskriving spesielt og heilt sikkert litt om sjakk.
Gratis og ope for alle. Vel møtt!