Temakveld: Inger Bråtveit om romanen «Dette er også vatn»

Braatveit-IngerFredag 1.februar er det endeleg klart for årets første temakveld på Skrivekunstakademiet. Då kjem Inger Bråtveit for å snakke om sin seinaste roman, Dette er også vatn. Inger Bråtveit debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord. For den andre romanen hennar, Siss og Unn, vart ho nominert til Kritikerprisen, berre 30 år gamal. Bråtveit har seinare motteke fleire litterære prisar, og det er ei glede å få presentere henne som gjest på denne temakvelden, som markerer avslutninga på årets romankurs, der ho har vore gjestelærar. Tid: Klokka 19. Stad: Skrivekunstakademiets lokaler på Verftet, USF. Det blir gratis kaffi, og sal av øl og vin til sympatisk prisar. Arrangementet er elles gratis og ope for alle, som vanleg. Velkomen!