Temakveld: Kortprosa med Cesilie Holck og Olav Øyehaug

doc_86746_2Holck-Cesilie_foto-aschehoug-150x150Velkomen til temakveld med to særs originale og spanande forfattarar som begge har utmerka seg i kortformatet! Cesilie Holck er i desse dagar aktuell med den tredje boka si, Besserwisser, ei samling korte tekstar som etter sigande avslører strategien bak ei kvar røynd. Olav Øyehaug si førre utgjeving, Botnen, hausta gode kritikkar, og er til liks med resten av forfattarakapet hans ei form for varm absurdisme som skildrar felt i verda som ein ikkje trudde måtte skildrast. Det blir opplesing, samtale, gratis inngang og bar. Med andre ord, ein kveld å få med seg. Alle er velkomne. Stad: Skrivekunstakademiet, USF Verftet. Tid: Tysdag 13.11 kl. 19.00.