Skrivekurs med Tormod Haugland i Odda

Haugland-TormodSkriv du, og saknar profesjonell tilbakemelding på tekstane dine? No har du sjansen! På Litteratursymposiet i Odda i år vil mangeårig skrivelærar ved Skrivekunstakademiet, Tormod Haugland, halde eit intensivkurs på fire timar. Deltakarane vil få tilbakemelding på eigne tekstar frå andre skrivande så vel som Haugland, i tillegg til å lære nyttige grep og metodar i møte med eigne og andre sine tekstar. Det er ingen sjangerkrav. Kurset har bindande påmelding innan 1.oktober, i form av ein innsendt tekst på maks tre sider til litteratursymposiet@gmail.com. Pris: 600,-. Som om ikkje det var nok, får deltakarane dessutan festivalpass til 500,- med på kjøpet. Så hiv deg rundt og søk!